Rabattert prisgruppe (A, B eller C) gjeld kun for spelarar på bane som er reservert på førehand.
For å få rett på prisgruppe B eller C må ein kunne framvise gyldig legitimasjon, studentbevis, lærlingbevis (Vigo-app), honnørkort, vernepliktsbevis, følgjekort eller TL-kort, eller bevis på at ein på annan måte kvalifiserer til særskilt prisgruppe.
Spelarar som spelar på ei bane som er reservert av ein kunde med aktivt sesongkort har automatisk rett til prisgruppe C.
Ved drop-in gjeld alltid prisgruppe D, uavhengig av alder på spelar, og ein må betale for leige av sko i tillegg.
Sesongkort
3 mnd. kr. 2.000,- / 6 mnd. kr. 3.000,- / 12 mnd. kr. 5.000,-
Avtala er gyldig i 3, 6 eller 12 mnd. frå kjøpsdato
Leige av sko er inkludert i prisen
Sesongkort kan nyttast innanfor ordinær opningstid
Timeleigd bowlinghall
Timeleige av bowlinghallen gjeld for grupper med inntil 36 spelande, og gir deltakarane eksklusiv tilgang til alle bowlingbanene. Ein kan spele so mange seriar ein ønskjer innanfor den tida ein leiger hallen. Leige av sko er då inkludert i prisen.
Timeleigd bowlinghall er ikkje rabattberettiga.
Kr. 2.500,- per påbegynte time innanfor ordinær opningstid:
Mandag - torsdag 10:00 - 15:00 og 20:00 - 00:00
Kr. 3.000,- per påbegynte time:
Fredag - søndag 10:00 - 00:00
Ved alkoholservering gjeld 18 års aldersgrense i heile hallen, òg i slutta selskap
Ta kontakt med oss på telefon eller e-post for å avtale leige av bowlinghall
Pris- og rabattvilkår
Betaling skal skje med kort, kontant, gåvekort eller verdikort i samband med aktuell reservasjon
Prisgruppene er trinnprisar som utelukkande gjeld for kundar som har reservert bane på førehand, og som spelar i ordinær opningstid
Alle prisgrupper har pris per serie, per spelar, og er ikkje knytt til tidsbruk eller antal spelarar på bana
Bowling er unnateke meirverdiavgift
Maks. pris oppnåast etter 5 spelte seriar, og alle seriar spelt deretter, i same reservasjon, er kostnadsfri
Gruppepris ved 10 eller fleire spelarar (tilsvarande prisgruppe B, dersom betalt samla)
Ein har kun rett på èin rabatt, og rabattar kan ikkje kombinerast med andre tilbod eller kampanjeprisar
Sesongkort kan nyttast innanfor ordinær opningstid
Prisgruppe C gjeld i tillegg for vener av bowlinghallen, registrerte seriespelarar, og dei som spelar aleine
Leige av bowlingsko er kr. 30,- inkl. mva.